Pilotprosjekt
Pilotprosjekt
I Time kulturskule ønskjer me å delta med kompetansen vår på fleire arena i kommunen vår. Det er ein del av vår lovfesta verksemd at me skal ha samarbeid med skule, barnehagar og frivilligheiten i kommunen vår.
Pilotprosjektet blei starta hausten 2021, og er eit forestillingsprosjekt i samarbeid med grunnskulen. Kulturskulens lærare arbeider med elevane på 7 trinn i 8 veker for å sette opp forestilling. Me har allereie vore på fleire av grunnskulane i Time, og laga mange flotte forestillingar. Elevane får opplæring i instrumentar, dans, drama og sang.
Forestillinga blir sett opp for skuleklassar på dagtid, og publikum på kveldstid der foreldre og søsken blir invitert.