Skip to main content Skip to footer

Kulturskuleveka 2025

Kulturskulen arrangerer kulturskuleveka 2025 i veke 8. Elevar og lærare bryt opp den vanlege undervisninga, og deltek i workshops og konsertar og arrangement. Elevane får eit innblikk i nye metoder og varierte arbeidsformer, og får møte andre kulturskuleelevar. Dei får trening i å opptre, og venner og familie blir invitert til konsert og arrangement. I tillegg har me ein stor vinterkonsert i Storstova, der me òg deler ut kulturskulestipend til fire elevar. Me gler oss til ei kjekk veke med mykje aktivitet.