Skip to main content Skip to footer

Om oss

Time kulturskule vart oppretta som kommunal musikkskule i 1971. Skulen har i dag 700 elevplassar. Ein del elevar er aktive på fleire fag.

I tillegg kjem medlem av skulekorps og elevar som får tilbod om opplæring via grunnskular og barnehagar.

Time kulturskule er organisert under kommunaleining for oppvekst og er ein skule for undervisning innan kunstnariske og kulturelle fag.

Time kulturskule var 2007 til 2009 utvald til å vera ein av 4 kulturskular som demonstrasjonsskule av Utdanningsdepartementet.

Me har 5 ulike fagretningar og ulike tilbod innan musikk, dans/ballett, drama/teater, kunstfag og skapande skriving.

Kulturskulen fungerer som eit ressurssenter for musikk- kunst- og kulturfag i kommunen.

Skulen har spisskompetanse på dei estetiske faga og arbeider dagleg med å gje barn og ungdom høve til å oppleva, utøva og utvikla seg gjennom kunst- og kulturfagleg verksemd.

I kulturskulen får elevane tilpassaopplæring i musikk og kulturfag basert på kvalitet og glede. Det er ikkje krav til forkunnskap for å få tildelt plass.

Kulturskulen har mange konsertar, utstillingar og framsyningar i løpet av skuleåret. I tillegg er elevar ofte ute på ulike speleoppdrag i kommunen. Å vera elev i kulturskulen krev øving og innsats heime mellom undervisnings-timane.

På kontoret

Guri Årsvoll

Rektor

Øyvind Bøylestad

Avdelingsleiar

Time Kulturskule

Besøksadresse:
Ola Barkveds veg 16, 4340 Bryne

Postadresse:
Postboks 38, 4349 Bryne

Telefon: 51 77 64 10 / 47 30 12 09

E-post: guri.arsvoll@time.kommune.no