4 nominerte til Drømmestipend 2025
Time kommune i Rogaland har nominert 4 unge kunstnarar til Drømmestipendet 2025. Det er Time kulturskule som er nominasjons-jury og godkjenner inkomne søknadar til vidare behandling av ein nasjonal kunstnarisk jury.
Drømmestipendet delast ut kvart år til 50 unge lovande kunstnarar innafor fleire ulike fagdisiplinar.
Time kommune har i mange år hatt stipendvinnarar som er nådd opp og dei har fått påskjønning både frå nasjonalt hald, frå kommunen sin ordførar, frå kulturskulen og det lokale kunst- og kulturmiljøet i Time.
Stipendet delast ut via etablert samarbeid mellom Norsk kulturskuleråd og Norsk tipping.
Følgjande har blitt nominert frå Time kommune - 2025:
Kategori MUSIKK: Sofus Gauksås, slagverk
Kategori DANS: Sarah Ree Kvammen
Kategori VISUELL KUNST: Kateryna Hrymzina
Kategori VISUELL KUNST: Emil Grødeland
Det er 4 sterke kandidatar som er nominert, og vi har tru på at det kan bli ein vinnar blant desse.
Dei tre førstnemde har vore elev eller er framleis elev i kulturskulen. Siste er i kunstfagleg utdanning og busett i Time kommune.
De kan lese meir om den enkelte kandidat på nettsida til Drømmestipendet www.drommestipendet.no
Publisering av nasjonale vinnarar 3. februar 2025.