Skip to main content Skip to footer

Opptak ferdig Fredagsskulen Jæren

Oppstart fredag 13 september

Opptak:
Opptak av nye elevar er ferdig, og me gler oss til å ta i mot 43 elevar til Fredagsskule Jæren i haust. Elevane kjem frå både Klepp, Hå og Time kulturskule innan disiplinane musikk, dans, drama og kunstfag.

Kva: 
Fredagsskulen Jæren er eit tilbod til kulturskuleelevar som ønskjer å utvikle seg vidare innan musikk (vokal/instrumentalopplæring), dans, drama og kunstfag. 
Fordjupingsprogrammet har opptak av elevar med særleg interesse og føresetnad for faget. 

Mål: 
Målet med undervisningsprogrammet er at du skal få inspirasjon og moglegheit til fagleg fordjuping, utvikling og ekstra innsats. På Fredagsskulen Jæren møter du andre ungdomar som vil lære meir innan sitt kunstnariske fagområde. Du får undervisning av godt kvalifiserte lærarar. I tillegg til fordjuping i fagleg aktivitet, legg vi vekt på å skape eit triveleg sosialt fellesskap og vi har enkel matservering i pausane.

Innhald: 
Fordjuping innan teknikk, teori, ulike stilartar, formidling og utøving av faget. Undervisning og rettleiing er tilpassa den enkelte elev og organisert individuelt og i grupper.

Alder:
Tilbodet er for deg som er i alder frå 7.trinn til og med 3.trinn på vidaregåande og som er elev i Hå, Klepp eller Time kulturskule.

Krav:
Krav til elevar som deltek: Du må ha ekstra interesse og føresetnad for å arbeide i djubda med faget ditt. Du må ha god eigeninnsats både på timane og i tida mellom samlingane.

Kostnad:
Kr 600,-
Dette er for å dekke kostnadar til mat. Oppgjer skjer via kvar kulturskule.

Samlingar:
Forpliktande obligatorisk oppmøte på alle dei oppgitte datoane.
 

13. september 2024
 
14.februar 2025
27.september 2024
 
14.mars 2025
25.oktober 2024
 
25.april 2025
22. november 2024 9. mai 2025
10.januar 2025 23.mai 2025 arrangement

Stad for undervisning: Time kulturskule/samlokalisert med Bryne skule, Ola Barkveds veg 16
Fast klokkeslett for samlingane: Kl. 15.00 – 17.30 (Unntak avslutningsarrangement 23. mai)