Kulturskulestipend 2025
Søknadsfrist 15.desember
Kulturskulestipendet deles ut av Time kulturskule og er gitt av Jæren Sparebank. Det delast ut 3 stipend à kr 10.000,- kvart år. Stipendet er for ungdom frå 8.trinn - 3.vgs-alder som er i kunstfagleg opplæring og har bustadadresse i Time kommune.
Søknadskjema finn dykk nederst på denne sida.
Søknad skal innehalde informasjon om aktivt kunstfagområde, kven søkjaren er og kva bakgrunn søkjar har innan faget det vert søkt stipend for - om korleis det er å vera i kunstfagleg opplæring - kva har søkjar lært gjennom undervisning, opptredenar og formidling - om kvifor det vert søkt om stipend og kva det eventuelt skal nyttast til.
Stipendet tildelast etter gitte kriterie og gjennomført audition med kort samtaleintervju, januar månad kvart år.
Utdeling av stipend skjer på arrangement i den årlege kulturskuleveka kvart år, siste veke før vinterferien.
Tildelingsreglar
Formål
Formålet med kulturskulestipendet er å motivera, skape engasjement, inspirere og gje påskjønning.
Frist
Søknadsfrist: 15.desember 2024.
Når
Stipendene deles ut Tysdag 18 feb 2025 kl. 18:00 i Storstova Bryne.
Kor mange stipend?
Det vert delt ut 3 stipend.
Kor mykje er kvart stipend?
Kvart stipend er på kr. 10.000,-
Stipendvinnaren får i tillegg eit diplom og eit kunstverk laga av den lokale kunstnaren Stine Rommetveit.
Hvem kan søkje?
Stipendet er for kulturskuleelevar i alderen frå og med 8.trinn på ungdomskule til og med siste år på vidaregåande skule.
Generelt
Stipendet kan tildelast berre ein gong pr. søkjar.
Tildeling skjer etter gjeldande kriteria og vurdering av mottatt søknad, kort intervju-samtale og audition/framsyning av arbeid.
Når er audition?
Audition er lagt til fredag 17. januar 2025 på ettermiddagstid, store aula på kulturskulen.
Hva er kriteria for tildeling?
-
Søkjar skal vera aktiv innan kunstfagleg opplæring og ha bustadadresse i Time kommune.
-
Søkjar skal vera / ha vore aktiv elev i Time kulturskule, eller skal vera / ha vore aktiv i eit av kommunen sine skulekorps.
-
Søkjar må kunne dokumentera at ho/han får undervisning i ein eller fleire av følgjande estetiske fagretningar; Musikk, Dans, Drama, Kunstfag, Skapande skriving.
Medlemskap i eit av kommunen sine skulekorps inngår som del av fagretning Musikk. -
Fagretning skal spesifiserast i søknad.
-
Søkjar må ha ei positiv innstilling til å opptre/visa fram og dele med andre det ho/han har lært og kan meistre innan sitt fag.
-
Søkjar skal grunngje kvifor ho/han søkjer stipendet og ha tankar om kva det skal nyttast til. Dette spesifiserast i søknad.
-
Søkjar som ev. ikkje kan møte på audition/samtaleintervju (grunngjeving: sjukdom/skade) blir bedt om å levere inn dokumentasjon på eige arbeid i form av lyd innspeling/foto/filmopptak. Det vert ev. invitert til ny oppmøtedato dersom det let seg gjere innan kort tidsfrist Det er ønskjeleg med referanse frå eks. lærar eller dirigent.
Tildeling
Plangruppa i kulturskulen fungerer som tverrfagleg samansett fagjury for tildeling av stipend.
Søkjar må oppfylle kriteria/krav som er nedfelt. Juryen følgjer dette i vurderingsarbeidet.
Innsats, interesse og fagleg utøving er element som vert vurdert nøye ved tildeling.
Det er ønskjeleg med referansar.
Grunngjeving for å søkje stipendet og korleis det skal nyttast vert teke med i vurderinga.
Utdeling av stipendet skjer i samband med eit av kulturskulen sine arrangement i vårsemesteret. Utdelingsarrangement er lagt til Vinterkonsert i Storstova tysdag 18.februar og er del av programmet for kulturskuleveka 2025. Stipendvinnarar bidreg med scenisk opptreden.
Oppgåver for den som får tildelt stipend
Den som får tildelt stipend, skal kunne stille med eit scenisk innslag på tildelingsarrangementet. Stipendvinnar skal på oppdrag frå Jæren sparebank kunne stille med sceneinnslag på arrangement i regi av bedrifta eller i regi av Time kulturskule/Time kommune.
Søknad
Søkjar nytter søknadsskjema på kulturskulens nettside.
Bryne, november 2024
Jæren Sparebank og Time kulturskule