Fellesinfo om skulekorpsa
Det er i dag fire aktive skulekorps i Time:
Bryne skulekorps
Frøyland skulekorps
Lye skulekorps
Rosseland skulekorps
Skulekorpsa har eigne rekrutteringsopplegg retta mot barn og unge i eigen skulekrins. Dersom du ønskjer å bli medlem i eit av skulekorpsa, kan du ta kontakt via tlf. eller mailadresse som du finn i oversikta i lenka øvst til høgre på sida.
Hovudopptak av nye medlem skjer i mai/juni/august, men det er likevel mogleg å starte opp gjennom heile skuleåret. Skulekorpsa opererer ikkje med ventelister, men tek i mot og gjev plass til alle interesserte.
Opplæring skjer i hovedvekt via kulturskulen med godt kvalifiserde og musikkutdanna instrumentallærarar. Undervisning og øving skjer ute på den enkelte skule som korpset er tilknytta.
Dirigentar og lærarar/instruktørar er tilsett i den kommunale kulturskulen, Time kulturskule. Her har dei offentleg tilsettingsforhald, fagleg tilhøyre og kollegialt nettverk.
Skulekorpsa har eigne foreldrebaserte styrer og dei er del av Time kommune sine frivillige musikkorganisasjoner. Dei fire skulekorpsa i Time samarbeider om prosjekt, seminarer, konkurransedeltaking og opptredenar.
Skulekorpsa er organisert som medlem under Norges Musikkorpsforbund og Norsk musikkråd.
Oversikt og kontaktinformasjon til styreleiarar, dirigentar og instruktørar finn du i lenke herunder.