Skip to main content Skip to footer

Kunstfag

KUNSTFAG
På kunstfag får elevane bruka og utvikla eigne kreative evne i lag med andre. Faget krev ingen forkunnskap, men elevane må ha interesse for å arbeida med ulike kunstnarlege uttrykk. Faget gjev ei grunnleggande innføring i ulike teknikkar og stilartar. Det blir undervist i teikning, måling, grafikk, keramikk, skulptur m.m.

Time kulturskule har ca 80 elevar på kunstfag, og per nå har me elevar frå fjerde trinn til og med vidaregåande skule. Elevane er inndelt i grupper etter alder. Me har undervising etter skuletid på Bryne måndag og onsdag, og på Frøyland tysdag.

Kunstfagelevane stiller ut kunsten sin på Bryne Mølle ved semesterslutt, og deltek ellers på ulike arrangement i regi av Time kulturskule gjennom året.
Time kulturskule har ei eiga kunstgruppe for dei eldste ungdommane onsdag kveld. Denne gruppa er for elevar på 10. trinn og vidaregåande skule. Her arbeider elevane i stor grad med eigne prosjekt og kunstnarleg utvikling, med rettleiing frå lærar.

Sissel Ruud underviser i kunstfag. Ho har breid fagleg bakgrunn, og har både kunstfagleg og pedagogisk utdanning. I tillegg til arbeid i Time kulturskule arbeider ho som bildekunstnar.

I tillegg til vanleg undervising, kan elevar frå og med 7. trinn søka om plass i fordjupingsprogrammet «Fredagsskulen», eit samarbeidsprosjekt mellom kulturskulane i Klepp, Hå og Time. Les meir her:
Fredagsskulen jæren

I 2025-2026 er Time kulturskule óg med i «Atelier Ung», eit nytt regionalt fordjupingsprogram. Målgruppa er elevar født 2005-2009. Les meir her:
Atelier ung

Velkommen som søkar på kunstfag!

Lærar

  • Sissel Ruud