Skip to main content Skip to footer

Musikk frå livets begynnelse

Velkommen til musikkstund mellom liten og stor

Time kulturskule ønskjer vaksne og barn velkommen til musikkgruppe for baby/småbarn med forelder/ føresett. 
Tilbodet er særleg tilrettelagd for barn i alderen 0-1 år.  
Felles song og musikkleik, metode og opplegg følgjer barnets alder og utvikling.
 
Det er høve til sosialt samvær, amming, stell og "drøs"  etter samligane.
Tilbodet er ope for deltakarar frå Time og Jæren.
Time kulturskule samarbeider med Foreninga "Musikk fra livets begynnelse" for kvalitetssikring av opplegg og metode.

Målgruppe: Barn fødd i 2024.
Når: Tysdagar kl: 12:00-13:00  
Stad: Sekkelageret Bryne mølle, inngang frå Kaizersplassen
Fyrste samling: Tysdag 15 oktober
Siste samling: Tysdag 17 desember
Pris: Tilbodet er gratis hausten 2024, støtta av folkehelsemidlar.

Målsetting med aktiviteten er:
- Skape eit trygt og levande musisk miljø der vaksne og barn får høve til å oppleve samvær og relasjonar gjennom aktiv bruk av song, spel, dans og musikkleik.
- Stimulere til auka bruk av song og musikk i det kvardagslege samværet mellom omsorgsgjevar og barn.
- Stimulere vaksne til å stole på eigen stemme og kropp som "god nok" musikkformidlar for sitt barn.
- Vidareføre og levendegjøre songskatten vår.
- Skape ein sosial og innhaldsrik møteplass for vaksne med omsorg for små barn.
- Nytte song og musikk for å utvikle gode vaksne-barn-relasjonar frå tidleg spedbarnsalder.
- Skape eit spennande og trygt rom for dei små barna til å utvikle sosial erfaring og kompetanse.